🔗 ⚙️

Bygdedyret from Efterdønn by Utflod

Tracklist
4.Bygdedyret2:33
Lyrics

I fasaden gøymer det seg,
sanselause og tomme ord.
innanfor veggar pressast du ned,
blind ignoranse står deg imot.

Eg kjenner det kryp på meg,
i samtalar rundt eit bord.
dyret som vaknar, tek sine steg
og lét etter seg sine spor.

Erkjenn det,
forvis det,
eller bli ein del av det.
for alle
som ser deg
vil snakke om kven du er.

Erkjenn det,
forvis det,
eller bli ein del av det.
for alle
som ser deg
vil snakke om kven du er.

Rykte spres, ordet vandrar,
alle veit kven du er.
inngrodd subkultur.
I endelaus ignoranse.

Trangt miljø, inngjerda samfunn, grupper held utanfor.
oppvekst med uskrevne reglar,
sjå deg sjølv, og kva du sår.

Gifta frå dyret kan smitte,
overført i eit trangsynt blikk.
sjå når du kjem og når du går,
inn i ei lita bygd.

Erkjenn det,
forvis det,
eller bli ein del av det.
for alle
som ser deg
vil snakke om kven du er.

Erkjenn det,
forvis det,
eller bli ein del av det.
for alle
som ser deg
vil snakke om kven du er.

Alle snakkar om deg.
Alle ser på deg.
Alle snakkar om deg.
Alle ser på deg.

Credits
from Efterdønn, released October 4, 2024
LicenseAll rights reserved.
Tags
Recommendations